Sjukeheim langttidsopphald

Langtidsopphald på sjukeheim er for deg som treng pleie og stell gjennom heile døgnet.

Meir om tenesta

Du må søkje kommunen om plass på sjukeheim. Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine. Normalt vil vi komme på heimebesøk. 

Viss du oppfyller kriteria for langtidsopphald, har du rett til å få eit skriftleg vedtak om dette, sjølv om det ikkje er ledige plassar.

Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. 

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB) (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post. 

Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.

Send søknad her (elektronisk).

eller

Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 38 kB)

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027" her. 

Pris på langtidsopphald

Korttidsopphald opptil 60 døgn - 193 kroner per døgn i 2024. Korttidsopphald blir fakturert på etterskot månad for månad.
 

Langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn - Eigenandelen blir regnet ut  på bakgrunn av inntektene dine og dine personlege økonomiske forhold. Du betaler som hovudregel 75 prosent av alle inntekter inntil folketrygdas grunnbeløp. Grunnbeløpet i folketrygda er frå 1. mai 2024 er 124 028 kroner. Frå grunnbeløpet trekker me frå et fribeløp på 10 000 kroner.
Av alle andre inntekter utover folketrygdas grunnbeløp, betaler du 85 prosent etter at skatt, eventuelle gjeldsrenter og andre frådrag er trekket frå.
Inntekt inkluderer pensjon,  frå folketrygda, pensjon frå andre pensjonsordningar, arbeids- og næringsinntekt, leigeinntekter og renteinntekter.
Har du ektefelle, sambuar eller barn under 18 år, kan du få frådrag i grunnlaget for eigenandel (forsørgjarfrådrag) .
NAV pensjon trekker kvar månad eigenandel for langtidsopphald frå trygda eller pensjonen din. Dersom pensjon frå NAV etter skatt ikkje dekker heile eigenandelen, sender Vik kommune faktura på restbeløpet.

Forsørgjarfrådrag

Dersom du har ektefelle, sambuar, eller mindreårige barn som bur heime, får du som hovudregel frådrag i eigenandelen. Dette frådraget skal dekke din del av bu utgifter til felles bustad.
Frådraget blir redusert dersom ektefelle eller barn har eigen arbeidsinntekt eller mottek pensjon frå folketrygda. 
Bebuar tildelt langtidsopphald ved Vik Helse – og Omsorgssenter med heimebuande ektefelle får ikkje frådrag for buutgifter. Derimot får heimebuande ektefelle dekka utgifter til felles bustad gjennom forsørgjarfrådrag.
Deling av dobbeltrom. Dersom du får plass i dobbeltrom, kan det trekkast det frå eit fribeløp på 48.300 kroner årleg. Dette gjeld for alle langtids- og korttidsopphald over 60 døgn på dobbeltrom. 


Kva dekkar langtidsopphald finn du her. (PDF, 113 kB)

Vilkår for å få tenesta?

Det er behovet ditt som avgjer om du kan få tenesta. Kommunen har eiga forskrift med vilkåra for tildeling av plass på sjukeheim.

Endringar i inntekt og etteroppgjer

Eigenandelen for opphald på institusjon, kan bli endra når kommunen får kjennskap til endringar i din personlege økonomi. Det er derfor viktig at du gir oss beskjed kvar gang når inntektene dine eller skatten din endrar seg. Vik kommune vil då fatte nytt vedtak og betaling.

Etteroppgjer

Vik kommune føretek kvart år etteroppgjer i forbindelse med skatteoppgjeret. Viktig at teneste mottakar sender kopi av skatteoppgjeret til kommunen. Etter at opphaldet er slutt, vil det bli føretatt et sluttoppgjer. 
Restbeløp etter berekning. Dersom du har fått et stort restbeløp etter berekning av etteroppgjeret, er dei mest vanlege årsakene: 
•    Du har fått auka inntekt eller reduserte frådrag ( til dømes skatt).
•    Du har fått auka /etterbetalt pensjon.
•    Du har betalt formueskatt. Sidan me ikkje krev eigenbetaling av formue får du heller ikkje frådrag for skatt på formue.
•    Pensjonen din frå NAV er endra. (til dømes frå arbeidsavklåringspengar til uførepensjon).
•    Du har betalt skatt på gevinst ved sal av aksjar og verdipapir. Sidan me ikkje krev eigenbetaling av gevinst, får du heller ikkje frådrag for skatt på gevinst.
•    Du har hatt høgre kapitalinntekter (renter, utbytte) enn det som har vore stipulert i gjeldande vedtak.
 

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Opplysningsskjema eigenbetaling institusjon:
•    For at me skal kunne rekna rett eigenandel for opphaldet ditt, treng Vik kommune dokumentasjon på den økonomiske situasjonen din.
•    Dersom du mottek alderspensjon eller uføretrygd frå NAV, treng du ikkje å sende dette.
•    Dokumentasjon på pensjonsutbetaling frå privat pensjon, offentleg tenestepensjon og pensjon frå utlandet må sendast inn.
•    Siste tilgjengelege skatteoppgjer.

Om du har heimebuande ektefelle treng Vik kommune i tillegg:
•    Ektefelles/sambuars siste lønnsslipp eller dokumentasjon på ytingar eller trygd frå NAV. Dersom du mottek alderspensjon eller uføretrygd frå NAV, treng du ikkje å sende dette.
•    Ektefelles/sambuars siste tilgjengelege skatteoppgjer. 

Om du ikkje kan søke digitalt, bruk skjema nedanfor

Oppgåver over innteksforhold (PDF, 214 kB)

Orientering om eigenandel for opphald (PDF, 258 kB)

Ofte stilte spørsmål

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det.

Kontaktinformasjon

Vik bygde- og sjukeheim
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon sentralbord 57 69 87 50
Telefon avdeling 1 91 56 23 68
Telefon avdeling 2 97 58 30 95
Telefon open omsorg (heimetenestene) 57 69 87 30
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Besøkstider Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker