Om jordmortenesta

Ta kontakt med jordmor, eller fastlegen din om du er gravid.

Jordmor Kamilla Mundal Neset, telefon 975 08 011, har svangerskapskontrollar på Helsetunet kvar torsdag. Du kan også bestille time hjå henne via Helstasjonen tlf 57 69 87 11

Svangerskapsomsorga er eit gratis tilbod til alle gravide med kontrollar gjennom heile svangerskapet. Målet er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for babyen og for deg som skal bli mor. Vi har fokus både på den fysiske og psykiske helsa di gjennom svangerskapet. Vi legg vekt på individuell rettleiing med førebuing til amming, fødsel og den første tida etterpå. Du kan sjølv velje om du vil ha oppfølging av jordmor eller fastlege i svangerskapet. Du kan og velje både lege og jordmor.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid Måndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Vik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post inger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
Tilsette Leiande helsesjukepleiar Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07 Helsesjukepleiar Gunvor Refsdal og Jordmor Kamilla Mundal Neset
Digihelsetasjon Kontakt med helsestasjonen via HelseNorge