Testing seksuelt overførbare sjukdommar

Ved helsestasjonen og legekontoret  kan du teste deg  for seksuelt overførbare sjukdommar.

  • Me kan teste deg for dei vanlegaste kjønnssjukdommane, som klamydia, gonoré og mycoplasma.
  • Testen blir gjennomført ved hjelp av ein urinprøve for gutar og vaginal testpinne for jenter ( sjølvtest ).
  • Om du ikkje har symptom kan du  utføre testen sjølv etter avtale. Du får tildelt testutstyr på helsestasjonen.
  • Det tek 7-14 dagar før du får svar.
  • Vi ringer deg dersom du har ein påvist infeksjon.
  • Dersom du har symptom kan du få snakke med ein lege og evt. få ein undersøkelse.

Alle som har hatt ubeskytta sex med ein partner som ein ikkje kjenner smittestatusen til, bør teste seg for kjønnssjukdommar.

Ein slik test får du gratis av helsesjukepleiar på helsestasjon for ungdom, eller ved legekontoret.

Kjønnssjukdommar har det til felles at dei kan smitte ved vaginal-, anal- eller oralsex utan bruk av kondom. Dei gir ikkje alltid symptom. Ein kan altså føre smitte vidare til andre utan å vite at ein sjølv er smitta. Difor er det viktig å teste seg kvar gang du har hatt ubeskytta samleie med ny partner.

Det kan ta opptil 14 dagar frå du blei smitta med for eksempel klamydia til det viser resultat på ein test. Vi anbefalar difor at du ventar 14 dagar etter det ubeskytta samleiet før du testar deg.

Ved positiv test på klamydia og gonoré blir du behandla med antibiotika, som er gratis. Då skal også alle seksualpartnar dei siste 6 månadene kontaktast for tilbod om testing. Dette kan gjerast anonymt av legekontoret. Behandling av seksuelt overførbare sjukdommar er gratis.

Meir informasjon om dei ulike kjønnssjukdomane finn du på Helsenorge.no eller Sex og samfunn.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid Måndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Vik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post inger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
Tilsette Leiande helsesjukepleiar Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07 Helsesjukepleiar Gunvor Refsdal og Jordmor Kamilla Mundal Neset
Digihelsetasjon Kontakt med helsestasjonen via HelseNorge