Meir om tenesta
Støttekontakten får godtgjering frå kommunen. De møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er dine interesser og behov som avgjer. Tenesta kan gjevast individuelt eller i gruppe.
Kven kan få tenesta?
Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem.
Slik søkjer du
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB) (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av søkjaren. Signert fullmakt kan leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post.
Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.
Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Send søknad her (elektronisk).
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Vilkår for å få tenesta?
Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker