Meir om tenesta
Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt.
Kven kan få tenesta?
Den som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande
Korleis kan du søkje på tenesta?
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten). Fordi du sender inn opplysningar om ein annan, må det innhentast fullmakt frå den omsorgstrengjande. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden (skannast inn og lastast opp) eller ettersendast kommunen per post.
Elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Vilkår for å få tenesta
Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er
- om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
- om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
Sakshandsaming
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på avgjerda. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål kan du ta kontakt med avdelinga "Open omsorg" ved Vik bygde- og sjukeheim, sjå telefonnummer i tabellen nedanfor.
Aktuelle lenker og dokument