Meir om tenesta
Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.
Kva kan du få hjelp til?
- Enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC.
- Hjelp til vask av kle i vaskemaskin.
- Skifte av sengekle.
- Hjelp til å handle inn nødvendige daglegvarer. Handling vert som hovudregel utført ein gong per veke. Vi oppmodar om å nytte e-handel der det er mogleg.
Du må sjølv skaffe reinhaldsutstyr og vaskemiddel etter liste frå heimetenesta.
Slik søkjer du
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB) (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post.
Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.
Send søknad her (elektronisk).
eller
Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 38 kB)
Dersom du vel å lasta ned skjema, må du senda utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:
Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Vilkår for å få tenesta?
Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd.
Sakshandsaming
Vi innhentar eventuelt fråsegn om ditt behov for følgje frå lege, helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket.
Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.
Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Adressa er:
Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker