Handlingsplan for trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagen skal møta borna med tillit og respekt, og anerkjenna barndommen sin eigenverdi. Barnehagen skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vera ein utfordrande og trygg stad for vennskap og fellesskap.

Vik kommune har handlingsplan for trygt og godt barnehagemiljø. Sjå planen her. (PDF, 536 kB)

Tilsynsmynde

Det er Vik kommune sitt ansvar å gje rettleiing og sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverk, og føra tilsyn med verksemda etter barnehagelova. Tilsynet kan vera både varsla på førehand og uanmeldt. Korleis går du fram dersom du ikkje er nøgd med barnehagetilbodet i din barnehage? Barnehagemyndet skal sjå til at både dei kommunale og private barnehagane vert drivne i samsvar med barnehagelova med forskrifter. Er du bekymra for barnehagetilbodet til barnet ditt? Barnehagelova gjev borna rett til eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Er du bekymra over at barnet ditt ikkje har det trygt og godt i barnehagen, oppmodar me deg til å snakka med barnehagen fyrst, før du går vidare til et høgare nivå.
 

Slik går du fram

Kontakt barnehagen fyrst. Dersom du ynskjer å klaga, eller senda ei bekymring over barnehagen sitt pedagogiske tilbod eller tilbodet knytt til barnet sin trivsel, bør du fyrst kontakta styrar eller pedagogisk leiar på avdelinga, i barnehagen. Då får barnehagen høve til å løysa saka på lågast mogleg nivå. Slike høve vert regulert av barnehagelova med forskrifter.  Dersom du ikkje opplever å verta høyrd når du kontaktar styrar eller pedagogisk leiar, må du ta kontakt med eigar av barnehagen, Vik kommune. 

Klage til tilsynsmyndigheta

Dersom du opplever å ikkje vert møtt med klagen din eller bekymringa di, verken i frå styrar, pedagogisk leiar eller av eigar av barnehagen, kan du senda ei skriftleg klage til barnehagemynde og tilsynsmynde. Fyll ut skjema på denne lenkja,  eller send brev til Vik kommune v/ kommunalsjef oppvekst. 
 

Barnehagemynde

Barnehagemynde har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, handsame søknadar om dispensasjonar og finansiere private barnehagar. I tillegg kjem andre oppgåver som følgje av barnehagelova med forskrifter.

Barnehagemynde har tre verkemiddel til disposisjon

Rettleiing, tilsyn og godkjenning


Barnehagemynde har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, handsame søknadar om dispensasjonar og finansiere private barnehagar. I tillegg kjem andre oppgåver som følgje av barnehagelova med forskrifter. Barnehagemynde kan gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjende, eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om retting av uforsvarlege tilhøve skal fungere som ein tryggleik. Samt fange opp tilhøve som ikkje er direkte regulert i barnehagelova, men som kan føre til uforsvarlege tilhøve for barna sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane. 
 

Å sikre at regelverk vert følgt medfører både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i samsvar med regelverket. 
For å sikre rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Vik kommune, og for å sikre legitimiteten av arbeidet er kommunen si eigarrolle i barnehagesektoren fråskilt frå rolla som barnehagemynde.

Barnehageeigar

Kommunedirektøren er barnehageeigar og har det overordna ansvaret for at kommunen har gode tenester. Eigar av barnehagen skal sjå til at kommunen følgjer regelverk og eigne system som er utarbeida av kommunen. Kommunedirektøren fastset gjennom retningsliner og delegasjon kven som har ansvaret for oppfølging og gjennomføring.

Delegert mynde som barnehageeigar


I Vik kommune er kommunalsjef oppvekst eigar av dei kommunale barnehagane og er delegert ansvaret for å følgja opp pliktene som ligg til barnehageeigar etter barnehagelova med forskrifter.
For meir informasjon kan du kontakta Vik kommune v/ oppvekstsjef.
 

Delegert mynde som barnehagemynde


Barnehagemynde er lagt til kommunalsjef samfunn, næring og kultur. Det er kommunen si vurdering at dette er beste organiseringa for å sikra at oppgåvene som ligg til barnehagemynde vert handtert upartisk. For meir informasjon kan du kontakta Vik kommune v/ kommunalsjef for samfunn, næring og kultur.
Kommunen si rolle som barnehagemyndighet finn du på denne lenkja.
Lov om barnehagar (barnehageloven) finn du på denne lenkja.

Rutine for følgjande dispensasjonssøknadar


•    Handsaming av søknadar om dispensasjon frå norm for pedagogisk bemanning
•    Handsaming av søknadar om dispensasjon frå utdanningskrav
•    Handsaming av søknadar om dispensasjon frå kravet om norskferdigheiter

Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar finn du på denne lenkja.

Kommunalsjef samfunn, næring og kultur kan innvilga dispensasjon fra utdanningskravet for styrar og pedagogisk leiar for inntil eitt år om gangen, dersom barnehageigar søker om det jamfør barnehagelova §§ 24 og 25. Stillinga det vert søkt dispensasjon for skal ha vore lysa ut offentleg, og det kan ikkje ha meldt seg ein kvalifisert søkjar. Dispensasjon gjeld den personen det vert søkt dispensasjon for og til ein bestemt stilling i ein bestemt barnehage. Kommunalsjef samfunn, næring og kultur kan ved søknad innvilga dispensasjon frå kravet om norskferdigheiter for personar med utanlandske kvalifikasjonar som styrar eller pedagogisk leiar, dersom barnehageeigar søkjer om det, jamfør barnehagelova § 28. Stillinga det vert søkt dispensasjon for skal ha vore lysa ut offentleg, og det kan ikkje ha meldt seg ein kvalifisert søkjar. Dispensasjon gjeld den personen det vert søkt dispensasjon for og til ein bestemt stilling i ein bestemt barnehage.

Tilsyn


Tilsyn (barnehagelova §53)
Risikovurderingar vil vere avgjerande for kva for tema vi skal føre tilsyn med, kva for barnehagar som blir valt ut og kva for metode som er det mest føremålstenleg. Tilsynet skal fungere både som kontroll av barnehagen sin
praksis av regelverket, og det skal medverke til kvalitetsutvikling.
 

Plan for systematisk tilsyn i barnehagane

Årsmelding - I desember kvart år, rapporterer eigar av barnehagen om barnehagane til statistisk sentralbyrå ( SSB). Rapporteringa gjev tilsynsmyndet grunnlag for å vurdera om barnehagane oppfyller krav i tråd med lov og forskrifter. Plan for tilsyn med barnehagane i Vik kommune 2024-2028 finn du på denne lenkja. (DOCX, 97 kB)

Klage på psykososialt barnehagemiljø - skjema finn du her.