Meir om tenesta
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før vigselen. Er begge norske kan de bruke den digitale innloggingstenesta for prøving av ekteskapsvilkår via skatteetaten.no
Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til Vik kommune. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader.
Kven kan få tenesta?
Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Det er tenestetorget i Vik kommune som administrerer vigselsordninga. Ta kontakt på telefon 57 59 82 00 for å bestille tid til vigsel.
Kva kostar det?
Vigslar er gratis for alle, sjølv om brudepar er busett i andre kommunar. Ynskjer de å legge seremonien til ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekke tilleggskostnader sjølv.
Sakshandsaming
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Etter at de har fått prøvingsattesten kan de ta kontakt med kommunen. De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hjå kommunen. De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigslar. Me samarbeider med Blix hotell.
I sjølve seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet., som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.
Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret.
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker og dokument