Incestsenter / overgrepsmottak
Du kan ta direkte kontakt med eit incestsenter. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis. Incestsenteret gjev tilbod til vaksne og ungdommar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep som born. Også føresette og eventuelle partnarar kan vende seg til incestsenteret. Incestsenteret driv òg førebyggjande arbeid gjennom undervisning og informasjonsarbeid.
Meir om tenesta
Tilbodet til incestsenteret omfattar mellom anna:
- Einesamtalar
- Trening i å byggje relasjonar til andre menneske
- Sjølvhjelpsgrupper der ein arbeidar seg gjennom kjensler saman med andre. Brukarane hjelper kvarandre i prosessane - både med å kome ut av fastlåste mønster, og å ta ansvar for eige liv.
Det blir gjeve statleg og kommunalt tilskot til drift av incestsenteret. Incestsenter er ikkje ein del av den ordinære verksemda i kommunen, men det er kommunen som søkjer om statstilskot og godkjenner budsjettet til incestsenteret.
Denne tenesta er ikkje lovpålagd.
Kven kan få tenesta?
- Personar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep
- Foreldre og pårørande til born som har vore utsett for overgrep
Aktuelle lenker og dokument
Ingen skal bli utsatt for seksuelle overgrep - noknorge.no
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane
Overgrepsmottaket er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap. Les meir om overgrepsmottaket her.
Publisert 18.11.2021 10:19
Sist endra 04.01.2024 12:13