Meir om tenesta
Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande. Hjelpetiltak er som oftast heilt frivillig og er noko som kan bli ein positiv forandring for barnet og familien. Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, avlasting for foreldre, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Ein legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.
Kven kan få tenesta?
Born under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til ungdommen har fylt 25 år.
Kriterium /vilkår
- Barnet må ha vanleg bustad i Noreg og bu her.
- Hjelpetiltak er også for barn som oppheld seg i Noreg og som er flyktningar eller er internasjonalt fordrivne, eller når den vanlege bustaden til barnet ikkje lèt seg fastsetje.
- Denne tenesta er pålagt ved lov. Barnevernlova
Korleis kan du søkje på tenesta?
Foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon, osb. som ser at eit barn treng eit hjelpetiltak, kan melde frå til barnevernstenesta. Barneverntenesta har plikt til å følgje opp ei melding eller eit spørsmål frå foreldre som treng hjelp. Barnet skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og har rett til fritt å gi uttrykk for synspunkta sine.
Bekymringsmelding til barneverntenesta finn du her. (PDF, 356 kB)
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Sakshandsaming
Barnevernstenesta skal skaffe seg dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere levert til barnevernstenesta før det blir gjort viktige avgjerder i saka.
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om barnet/familien har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Kontaktinformasjon
Vik kommune v/ barneverntenesta
Aktuelle lenker og dokument
Bekymringsmelding til barneverntenesta finn du her. (PDF, 356 kB)