Dagmamma

Dersom du ynskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og kvar veke tilby opphaldstid på ti timar eller meir regelmessig, må du ha godkjenning av kommunen.

Meir om tenesta

Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til:

  • utforminga og innretninga av lokala 
  • moglegheiter for aktivitet og kvile 
  • reingjering og vedlikehald 
  • inneklima

Kriterium/vikår:

  • Det skal vere tre eller fleire born (inkludert eventuelle eigne born) 
  • Opphaldstida er ti timar eller meir i veka
  • Verksemda er regelmessig
  • Det blir teke betalt for tilsynet

Foreldre som ønskjer dagmamma for sitt barn, har nytte av å vite om ei aktuell dagmamma er godkjend av kommunen og eventuelt vere pådrivar for å framskaffe ei slik godkjenning.

Kven kan få tenesta?

Personar som ynskjer å starte dagmammaverksemd.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon om korleis du skal søkje om godkjenning. Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing for korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Aktuelle lenker og dokument

Faktahefte om barn og sikkerhet