Dei ulike avdelingane
Bødalen
Ei avdeling med 18 plassar for barn mellom 0 og 6 år. Barnehagen ligg ved riksvegen og har enkel tilkomst til flotte turområde blant anna i Åsvegen. Barnehagen er omgitt av landbrukseigedommar, og det er til tider mange traktorar rundt barnehagen. Gardsdrift er ei stor inspirasjonskjelde i leiken.
Vangsnes
Ei avdeling med 18 plassar for barn mellom 0 og 6 år Barnehagen ligg i skulebygget i Tråna, som ligg flott plassert med skog og mark rett ved utgangsdøra. Barnehagen har eit stort uteområdet som gir gode mogelegheiter for leik og aktivitet heile året.
Sentrum
Barnehagen ligg ved Linn Bad. Den består av fem avdelingar i tre ulike bygg. Barnehagen har stort leikeområde med gamle frukttre.
Tripp og Trapp er avdelingar med 18 plassar (9 barn) kvar til barn mellom 0 og 3 år.
Soria og Moria har 18 plassar til barn mellom 2 og 6 år.
Tresko har 18 plassar til barn mellom 2 og 6 år. Denne avdelinga var den fyrste som blei opna i 1977. Den ligg i det som før var doktorkontor og doktorbustad.
Planar
Vik barnehage har laga ein handlingsplan for trygt og godt barnehagemiljø i Vik barnehage. Planen vart endra hausten 2023. Du kan lese handlingsplanen for trygt og godt barnehagemiljø i Vik barnehage ved å fylgje denne lenka. (DOCX, 449 kB)
Verdiar
Vik barnehage har tre verdiar som ligg i botnen for det arbeidet vi gjer med barna, vi legg vekt på : Tryggleik, sosial kompetanse og respekt.
Vi tykkjer det er viktig at barn skal få tid og rom til frileik inne og ute, og alle avdelingane er mykje ute i løpet av dagen.
Tilsette
Hilde- Anett Tenold er styrar i barnehagen. Liv Turid Fuglesteg er assisterande styrar plassert i sentrum og Karoline Valsvik er assisterande styrar på Vangsnes.
Alle avdelingane har ei grunnbemanning med tre stillingar; pedagogisk leiar, fagarbeidar og assistent. Dei vaksne jobbar ulike vakter.
Samarbeid mellom avdelingane
Vi samarbeidar på tvers av avdelingane med felles songsamlingar, leikegrupper, 5 års klubb og enkelte festar.
I tillegg har personalet felles personalmøte og planleggingsdagar.
Opningstider og planleggingsdagar
Barnehagen opnar kl. 7.30 og stenger kl. 16.15.
Barnehagen er heilårsopen. I feriar blir avdelingane slått saman. Då vil barna stort sett ha tilbod i sentrum.
Vi har stengt julafta og nyttårsafta og stenger kl. 12 onsdag før skjærtorsdag.
Barnehagen har fem planleggingsdagar i løpet av året, desse prøvar vi så langt det er råd å legge til skulen sine feriar. Det er samarbeidsutvalget som vedtek datoane for planleggingsdagene.