Barn med særskilte behov 0 - 6 år
I dei fleste tilfelle vil eit ordinært barnehagetilbod vera godt nok til å møta det individuelle tilbodet hjå barnet, men i nokre tilfelle kan det vera naudsynt med særskild tilrettelagt tilbod. Vik kommune tilbyr ulike typar hjelp, også for barn som ikkje går i barnehage.
Søknad om spesialpedagogisk hjelp
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Tilbodet om spesialpedagogisk hjelp er gratis for familien.
Føremålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
Spesialpedagogisk hjelp kan gjevast til barnet individuelt eller i gruppe. Hjelpen skal omfatta tilbod om foreldrerådgjeving. Kommunen skal oppfylla retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen. Føresette kan tilvisa til pedagogisk-psykologisk teneste – Sogn PPT – og be om å få ei sakkunnig vurdering dersom barnet treng hjelp og støtte. Dersom barnet går i barnehagen bør søknaden fyllast ut i samarbeid med barnehagen. Tilvising for vurdering av spesialpedagogisk hjelp kan skje heile året.
Barnehagelova § 31
Tilvisingsskjema finn de på denne lenkja. (DOCX, 58 kB)
Publisert 01.11.2024 14:49
Sist endra 01.11.2024 14:51