Valstyret har det overordna ansvaret for formell og praktisk gjennomføring av Stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval.
Valstyret skal sjå til at valoppgjeret får føre seg på rett måte og behandlar eventuelle klagar på gjennomføring av kommunestyrevalet.
Etter vallova skal det i kvar kommune vere eit valstyre der representantar vert valde av kommunestyret.
Møter
Møta i valstyret er opne for publikum. Skal valstyret behandla saker som er unnateke offentlegheit vert møtet lukka.
Her finn ein oversikt over møte og sakspapir i valstyret
Medlemmer
Valstyret i Vik har 5 medlemmer der ordførar er leiar.
Oversikt over medlemmer i valstyret
Publisert 01.10.2024 08:59
Sist endra 19.11.2024 11:08