Ungdomsråd er eit utval/råd som er samansett av elevar frå ungdomsskulane i Vik kommune.
Ungdomsråd er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan, og skal vere ungdommane i kommunen sitt talerøyr ovanfor politikarane. Ettersom ungdom under 18 år ikkje har stemmerett, eller sjølve kan stille til val, har ungdom avgrensa mogleik til medverknad i politiske avgjersler. Formålet med ungdomsråd er altså å sikre at synspunkt frå ungdom vert ivareteke i kommunale politiske prosessar.
Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem ungdom. Det vil seie at rådet har rett til å uttale seg både på eige initiativ, og i saker dei får tildelt. Desse uttalane skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene.
Møter
Her finn ein oversikt over møter og sakspapir i ungdomsråd
Medlemmer
Ungdomsrådet har 7 medlemmer i tillegg til politisk kontakt.
Oversikt over medlemmer i ungdomsråd
Kontaktinformasjon
Hilde-Gunn Hellen er sekretær for ungdomsråd. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Vik kommune på telefon 57 69 82 00.
Publisert 05.10.2021 08:10
Sist endra 19.11.2024 11:04