Eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet skal arbeide for å betre dei eldre og for menneske med nedsett funksjonsevne sitt levekår på alle felt, og for å gi dei ein trygg og innhaldsrik kvardag.

Eldrerådet sine oppgåver 

  • Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.
  • Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar sakene.
  • Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.
  • Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

Reglement/rettleiar

Reglement for eldrerådet (PDF, 11 kB)

Rettleiar for råd med personar med nedsett funksjonsevne (Bufdir)

Møter

Her finn du oversikt over møte i eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne 

Medlemmer

Eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne har 8 medlemmer.

Oversikt over medlemmer i eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Kontaktinformasjon

Hilde-Gunn Hellen er sekretær for eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne . Har du spørsmål kan du ta kontakt med Vik kommune på telefon 57 69 82 00.