Vipps eFaktura krev at du nyttar Vipps, og at du har aktivert Vipps eFaktura inne i appen. Å betala rekningar i Vipps er svært enkelt og du avgjer sjølv om du vil betala med ein gong eller ved forfallsdatoen som står på fakturaen.
Vips eFaktura er eit produkt der fakturaen fullt og heilt er sendt til Vipps. Samtidig finn du også det ein variant der ein eFaktura blir vist i Vipps. Dette styrer du i innstillingane inne i Vippsappen.
Vipps kjem stadig med nye oppdateringar av sin app for å betre funksjonane og brukaropplevinga. Vipps som selskap tek sjølv avgjerer om kva innstillingar som følgjer med ei oppdatering. Til dømes har Vipps lansert oppdateringar som inneheld automatisk samtykke i å ta imot fakturaer på Vipps. Mange har reagert på at dei ikkj har gjort dette valet, men valet er gjort i det du har lasta ned oppdateringa.
Dersom du ikkje ønsker å Vipps eFaktura, eller visning av eFaktura i appen, må du gå inn på innstillingane i appen og skru av desse funksjonane.
Dette gjer du slik:
- Logg deg inn i Vipps-appen
- Klikk på "Profil" nedst til høgre
- Klikk på "Regninger og eFaktura"
- Vel om du vil slå av visningar av eFaktura eller eFaktura i Vipps, ved å klikke til høgre ved kvart punkt slikt at valet vert grå-kvitt.
Hugs at dersom du skrur av Vipps eFaktura før ein ubetalt faktura er betalt, må du betala fakturaen manuelt. Du finn betalingsinformasjon på fakturaen i Vipps.