eDialog - elektronisk post
Du kan no sende elektronisk post til kommunen på ein sikker måte. Ved å bruke eDialog kan du trygt sende oss alle typar brev - også om brevet inneheld sensitive og teiepliktige opplysingar.
Korleis bruke eDialog
- Bruk lenkja under.
- Logg inn med ID-porten.
- Du kan no skrive tekst, og laste opp vedlegg i skjemaet.
- Du kan også svare på post frå kommunen på denne måten.
Send eDialog til Vik kommune her
Slik sender du inn skjema
- Fyll ut obligatoriske felt (merka med raud *).
- Vel om du er privatperson eller verksemd.
- Skriv i «tittel» kva saka gjeld – gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brev.
- I feltet «kommentar» skriv du teksten.
- Du kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støtta.
- Klikk på «send». Sendinga vert då kryptert og sendt direkte til Vik kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS eller e-post.
Når kan du bruke vanleg e-post?
Du kan bruke e-post for vanlege spørsmål til kommunen, så lenge du ikkje skriv teiepliktige eller sensitive opplysingar.
Publisert 13.02.2023 14:19
Sist endra 07.02.2024 13:22