Vik frå Ovriseggi
Geir Svendsen
Fakta om vik kommune
Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, ein av dei lengste fjordane i verda. Til Vik kan ein komme ved å ta Rv13 over Vikafjellet frå Voss, Bergen og Oslo, eller ein kan komme via ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik over Sognefjorden. Det er og eit hurtigbåtsamband mellom Vik og Bergen, om sommaren 2 gonger dagleg. Kommunen omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og strendene, i tillegg til Vik sentrum. Tal innbyggjarar er 2.576 (utgangen av 3. kvartal 2021). Areal er 833 kvadratkilometer.
Statistikkar/informasjon om Vik.
Reiseliv i Vik i Sogn
Publisert 29.07.2021 10:33
Sist endra 08.07.2024 10:23