Landslova 750 år – kva så?

Foredrag med Pål Berg Svenungsen.

 

Dato
6. november 2024
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Blix hotell

I år feirar vi at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken. Vi tek føre oss kva lova eigentleg er (og litt om kva ho ikkje er), og kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder. Vi vil sjå på mannen bak, Magnus VI Håkonsson (konge 1263 -1280), betre kjend som Magnus Lagabøte.

Pål Berg Svenungsen er førsteamanuensis i historie ved Høgskolen på Vestlandet (Campus Sogndal)

Historie som har blitt "friska opp" ved hjelp av LEGO.

Arrangementet er ein del av Vestland fylke si feiring av landslovjubileet.

Velkomen til eit humørfylt og lærerrikt foredrag!

Gratis inngang.