Folkehelseinstituttet (FHI) melder om at talet på personar i Noreg som blir smitta med kikhoste, er aukande. Alle blir no tilrådde å få oppfriskingsdose om det er meir enn 10 år sidan sist vaksine.
FHI har samanfatta tilrådingar om førebygging av kikhoste i eit brev til kommunen. Hovudpunkta i brevet er:
• Det er ein vedvarande auke i førekomsten av kikhoste i Noreg.
• Spedbarn er mest utsette for alvorleg sjukdom, og FHI har råd for å verne denne aldersgruppa.
• FHI tilrår oppfriskingsdose til alle vaksne med kombinasjonsvaksine som inneheld kikhostevaksine kvart 10. år.
• Gravide får tilbod om kikhostevaksine i svangerskapet for å verne det nyfødde barnet mot kikhoste. Denne vaksinen er gratis.
Tilrådingane er som følgjande:
• Alle bør få oppfriskingsdose av kikhostevaksine om det er meir enn 10 år sidan sist.
• Spesielt bør alle tilsette i barnehagar, legekontor og helsestasjon sørgje for å vaksinere seg.
Vaksina får de på Helsetunet i Vik
Det vert vaksinering onsdag 2, 9 og 16. oktober frå kl. 12.30-15.00. (etter desse datoane må vaksine bestillast pr. tlf)
Time må bestillast på førehand via helsenorge.no (vel “bestille time” og finn time på "Vaksinering") eller på tlf. 57 69 87 00. Vaksina kostar kr 400,-. Det er ei kombinasjonsvaksine som vernar mot kikhoste, stivkrampe, difteri og polio.
Gravide får tilbod om vaksinen gratis gjennom svangerskapsomsorga.
Thuy-Anh Le Nes
Kommuneoverlege
Publisert 04.11.2024 11:08
Sist endra 16.12.2024 08:41