Sogn friluftsråd - ope møte

Friluftsrådet ynskjer innspel! Bli med på å staka ut kursen for Sogn friluftsråd. Ope møte for alle i Vik kommune 4. november.
 

Dato
4. november 2024
Tid
17:00 - 19:00
Stad
Blix hotell

Sogn friluftsråd vart i februar skipa som eit kommunalt oppgåvefellesskap i regionen, med deltakarkommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Som ein nystifta organisasjon skal dei no staka ut kursen til Sogn friluftsråd og ynskjer at dine innspel skal vera med på å forma satsingsområda. Friluftsrådet inviterer difor interessentar til å koma med innspel i opne møte som blir arrangert rundt om i alle medlemskommunane. Lag og organisasjonar med aktivitet og friluftsliv som føremål vert spesielt oppmoda om å delta. Her kan du også koma med innspel til tiltak og aktivitetar for Friluftslivets år 2025.

Møte i Vik kommune:
Tid: Måndag 4. november klokka 17:00-19:00
Stad: Blix Hotel
 

Arrangør

Sogn friluftsråd