Korleis kome i gang
Fleire av dei digitale tenestene krev at du har eit nasjonalt lånekort/bibliotekkort med pinkode. Du kan få lånekort på biblioteket eller søke om digitalt lånekort her. Me gjer merksam på at kortet må aktiverast på biblioteket før bruk.
Meir om dei ulike tenestene
Bookbites e-bøker
Når du lastar ned appen BookBites frå App Store eller Google play, kan du låna e-bøker og e-lydbøker gratis. For å få tilgang treng du eit lånekort og ein pinkode frå ditt bibliotek. Når du lagar ein brukar og loggar deg inn, får du tilgang til fleire tusen e-bøker, og kan låna, reservera, lesa og høyra på e-bøker og e-lydbøker. Kontakt biblioteket dersom du ikkje har lånekort eller pinkode.
Flipp
Du kan få tilgang til å lese blad gratis heime i di eiga stove. Det betyr at alle brukarar som er innom biblioteket og koplar seg opp til nettverket vårt kan få tilgang ved å opne appen Flipp gjennom app Store eller Google Play. Flipp gjev tilgang til dei fleste blada som blir gjeve ut av Story House Egmont og enkelte titlar som blir gjeve ut av Egmont Kids Media. I tillegg kan du lese mange av Story House sine danske og svenske blad. Til saman tilbyr Flipp 90 blad over eit breitt interesseområde. Tenesta er gratis, og du får hjelp til å koma i gang på biblioteket.
Pressreader
Med appen "PressReader" kan du lese aviser og tidsskrifter frå meir enn 100 land på nettbrett, smarttelefon eller pc. Les dei på biblioteket sine pc'er, eller last dei ned til eiget nettbrett eller smarttelefon og ta med deg heim. For å laste ned avisene må du vere kobla på biblioteket sin wifi. Pressreader
Filmoteket
Lån film gratis med bibliotekkortet ditt, utan at du treng å oppsøke biblioteket.
Filmbib
Filmbib er ein streamingteneste for norsk kort- og dokumentarfilm. Den er gratis å bruke, men du trenger nasjonalt lånekort og pinkode for å få tilgang. Du kan laste ned appen Filmbib eller sjå direkte på www.filmbib.no.
Verdensbiblioteket
På Verdensbiblioteket finn du e-bøker for vaksne og barn på albansk, amharisk, asyrisk, syriansk, arabisk, bosnisk, kroatisk, kurdisk, persisk, dari, serbisk, persisk, somali, thai, tigrinja, tyrkisk, ukrainsk. Det er også eit lite utvalg lydbøker på arabisk og persisk. Verdensbiblioteket er gratis å bruke og opent for alle i Norge, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.
Verdensbiblioteket
Bokhylla (Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek)
500.000 digitaliserte norske bøker frå år 2000 og bakover, 30.000 tidsskrifter, 250.000 bilder og over 2 milloner aviser. Det meste av tenesta er ope for alle norske IP-adresser. På biblioteket vil du få tilgang til fleire bøker og aviser som er nyare enn år 2000.
Bokhylla
Bibsøk
Biblioteksøk er ei felles søketeneste for biblioteka i heile landet. Her kan du søke og bestille bøker me ikkje har på biblioteka i kommunen. Bøkene vert sendt til Vik med transport ein gong i veka. Du får beskjed frå biblioteket når boka har kome inn og er klar for henting. Du kan også velge å hente boka på eit anna bibliotek. For å bruke tenesta må du ha nasjonalt lånekort og pinkode.
Litteraturtips
Fleire bibliotek tilbyr litteraturtips gjennom bloggar, podcastar og video. Her finn du nokre av dei:
Tips til born og ungdom
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenka.